Jamen Benny

Biletbok  •  3 – 8 år

Jamen, Benny

Barbro Lindgren

2002

Originaltittel:Jamen Benny
Illustratør:
Olof Landström

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Søsken
Griseguten Benny vil ha ein bror. Ein dag ligg det ein ved sida av senga når han vaknar. Veslebroren skrik og skrik og da får han smokk. Benny vil óg ha smokk, men det er han for stor til seier mamma. Ein dag går Benny ut med veslebroren. Han seier frå til mamma, men ho høyrer ikkje. Utanfor døra tek Benny smokken frå veslebroren og spring derifrå. Han møter tre kule grisar som vil gi han ein på trynet. Dei spring etter han og tek frå han smokken. Benny får heldigvis hjelp og veslebroren får igjen smokken. Dette er ein historie fortalt på eit knapt, men underfundig og morosamt vis. Olof Landströms varme og humoristiske teikningar har dempa fargar. Bruk av perspektiv og nærbilete set personar og ansikt i fokus. Tekst og bilete utgjer ein fin heilskap som vil engasjere.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content