Lån boka
Om boka
Denne boka inneheld faktastoff, forteljingar og sagn og ei rad fotografi og teikningar av jerven. Som rammeforteljing fylgjer vi ein liten jervefamilie gjennom fødsel, ungepleie og oppvekst, og blant forteljingane finn ein både norske og utanlandske eventyr om dyret. På farga sider finn vi kapittel med "Harde fakta". Dei har mykje kunnskap som er systematisk ordna. Andre dyr i mårfamilien blir også presentert. Dei få teikningane i boka er lite vellykka, medan fotografia er illustrerande og gode. Boka har ei grei språkdrakt og er opplysande og leseverdig. Ein saknar stikkordregister, men ei lang og brukarvenleg liste viser til andre bøker og eventyr, faktabøker og oppslagsverk, teikneseriar, film, video, CD-rom osv.