Ein kveld kom ei snøskur og gjorde det kvitt. Johannes fann fram ski og stavar før han la seg. Men om natta bles snøen bort. Plenen ved huset låg grøn som før. Det er ikkje lov med pluss sju om vinteren, meinte han. Men Johannes sette på seg skiene likevel og la i veg med tørrtrening. Opp bakken var det greitt nok, men å stå bom still i unnabakke var alt anna enn morosamt. Der skulle han suse utfor så tårene spruta i vinddraget. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.