Josefine og dei andre dyra i Grasdalen

6 – 10 år

Josefine og dei andre dyra i Grasdalen

Kristin Vågene

2022

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Menneske og dyr
  • Gardsdrift
  • Husdyrhald - Skodje
Korleis lever dyr og menneske saman på ein gard? Kvar kjem maten vår frå? Og er det verkelig slik at dyr kan snakke? Denne boka handlar om eselet Josefine, som saknar ein ven. Boka handlar om Trampe, rekordsauen som fekk 25 lam. - Og om Jacob, det vesle lammet som kom bort frå mor si. I Grasdalen møter du også hundar, kattar, ekorn og fuglar. - Og anda Olivia, som bygde reir oppunder taket for å få vere i fred. Men på eit større plan handlar boka òg om noko anna: å ta vare på naturen og ressursane våre, å skape gode vilkår for dyr og menneske på ein gard, å sjå på døden som ein naturleg del av livet, og - ikkje minst - å lære barn kvar maten kjem frå. Kristin Vågene er utdanna hagebrukskandidat, og har vore tilsett i skuleverket sidan 1980. Saman med mannen Harald har ho drive garden i Grasdalen i over tretti år. Kristin er representert med tekstar i ulike antologiar og har skrive fleire lokalhistoriske bøker. Bildebok/sakprosa for småskoletrinnet.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content