Tenk deg «Borgen», (populær Dansk TV-serie), med ein dose hemmelege agentar og spionar, samt ein dæsj gamle familierøyndommar, ja då får du stemningen i «Karolines kjærlighet» av Kime Leine. Boka er første bind i trilogien om Karoline Blicher, ein ambisiøs ung dansk politikar som er forsvarsattache i Russland når me møter henne i 2013. Ho er ei stigande stjerne i det høyrepopulistiske partiet som far hennar stifta, ja nokon ser henne til og med som ein mulig framtidig statsministerkandidat. Her følgjer me mange personar og ulike trådar som vert vevde saman. Spanande og aktuell bok av ein anerkjend forfattar!