Frosken kjenner seg så rar, han veit ikkje om han er glad eller lei seg og hjartet bankar fortare enn vanleg. Haren seier at frosken er forelska, og frosken forstår at han er forelska i anda. Da tek han til å undra på korleis han kan få vist anda at han er glad i henne. Boka vart første gong utgjeven i 1989.