Dette er boka for deg som likar spionhistoriar, men sanne historiar frå det virkelege liv. Ein får eit godt billete av ein av dei store spionskandalane i Noreg i den kalde krigen, og forfattaren har nytta mange kjelder som, eg tykkje, gjev ein bredde i forteljinga.
Eg likte spesielt godt at, forteljinga om Gunvor G. Haavik ikkje berre er om ho, men og om verda ho befann seg i. Det gav boka ein kontekst som gjer at ein ikkje trenger kunne mykje om den kalde krigen før ein startar på ho.