Roman  •  9 – 12 år

Kubanaren

Dag Helleve

1999

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Eg-personen i denne boka strir med mangt. Han er yngst i familien, dårlegast i fotball og får ikkje til skulearbeidet, særleg ikkje matematikk. Skulking, flipperspel i kiosken og dagdrøyming blir måten han taklar problema på, for den hjelpa omverda gjev han, duger ikkje. I spennet mellom røyndom og draum møter han kubanaren i kiosken, som gjev han eit lite dyr som etter kvart veks seg større og til slutt blir vanskeleg å gøyme på rommet. Denne magiske realismen skapar nerve i forteljinga. Pussig nok livnærer dyret seg av å ete tal frå bøker. Det blir oppstyr når eg- personen tek det med på skulen, og når dyret rømer, byrjar det å ete tala frå setlar og datamaskiner... Eg-personen fortel godt og gjev eit talande bilete av korleis det er å vekse opp, med strenge kunnskapskrav, kommersialisert barnekultur, tungt forventningspress, gryande forelsking og søkjing etter vaksenkontakt. Boka vart nominert i Nordisk barnebokkonkurranse 1999. Samlaget, 1999. 109 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content