Vaksne
Kulturbarnehagen
2002
Lån boka
Om boka
Denne boka ønskjer å inspirere barnehagefolk til å reflektere over si rolle som kulturformidlarar. Kva vil det seie å formidle kultur i eit moderne, fleirkulturelt samfunn, og kva rolle har dei vaksne i denne formidlinga? Artiklane i boka representerer ulike fag- og forskingsområde, og dei inneheld både prinsipielle og praktiske perspektiv. Ein samnemnar for artiklane er at dei oppfordrar til diskusjon om kvaliteten på det faglege innhaldet i barnehagen. Bidragsytarane utfordrar barnehagefolk til nytenking når det gjeld teikning og bildeskaping, musikk, uteaktivitetar og forteljing. Andre emne som blir drøfta, er barns undring og refleksjon kring religion og korleis dei utforskar lesing og skriving. Fleire av artiklane handlar om litteraturformidling for barn. Tekst både på nynorsk og bokmål.