Maten vi et, og jorda der maten blir produsert, er eit attraktivt objekt for finansiell spekulasjon. Denne boka handlar om kappløpet om landbruksjord i ulike land. Lesaren blir med til frustrerte småbønder på den polske landsbygda, Ukrainas fruktbare svartjordbelte, danske bønder med faretruande høg gjeld og den norske familien som diskuterer kven som skal overta garden. Boka fortel om norsk og internasjonal landbrukspolitikk, matproduksjon og fordeling. Tekstane har tidlegare vore publisert i Nationen, som del av artikkelserien «Kven skal eige jorda». Omtalen er utarbeidd av BS.