Landskap med vindturbinar

Dikt  •  Vaksne

Landskap med vindturbinar : dikt

Thor Magnus Tangerås

2024

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Menneske og natur : humanøkologi
Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protestera mot oss sjølve? Eller må me berre sørga i sympati med andre skapningar? Dette er dikt om framandlekamar i jordkroppen. Om landskap med vindturbinar. Om sprenging i fjell og punktering av myrar. Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Er det protestdikt eller elegiar? Er dikta lyriske eller satiriske? Kan poesien både ta bladet frå munnen og fly av garde på ørnevenger? Tangerås gjev ord til dei stemmelause, og tek språket attende frå dei som omskriv sanninga.

Sjå Hege frå Ålesund bibliotek fortelje om boka

Utgåver