Boka presenterer nyare syn på leik, læring, lærarrolle og undervisning. Forfattaren tek opp teoriar om leik og læring, og viser korleis ulike syn på barn, barndom og oppdraging har innverknad på læring i skulen. Det blir i denne samanhengen lagt særleg vekt på forholdet mellom leik, undervisning og læring. Dette er ein ny og omarbeidd versjon av Dei nye pedagogane (2002), tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet og Rammeplan for barnehagen. Boka er skriven for studentar i allmennlærar- og førskolelærarutdanning ved dei pedagogiske høgskulane og etter- og vidareutdanning innan GLSM, grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring.