Mémoires d'un âne

Roman  •  6 – 10 år

Eselet som vart snilt til slutt : roman for barn i alle aldrar

Sophie de Ségur

2017

Originaltittel:Mémoires d'un âne
Omsett av:
Signe Marit Skjelde

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Esel
Cadichon er eit rampete, festleg og intelegent esel, som har ført eit omflakkande liv. Ifølge Cadichon har han vore arbeidsesel på ein gard, turkamerat for barn på ulike slott, av og til har han levd heilt åleine ute i skogen. No bur han hos ei snill, gammal dame, og er bestevenn med barnebarna hennar. Cadichon vi gje all visdommen han har samla vidare til den vesle guten. Sidan Cadichon ikkje kan snakke, bestemmer han seg for å skrive ned alt som har hendt han i livet. Det gjer han ein vinter då det er så kaldt at han må vere inne i stallen sin mest heile tida. Han fortel om to- og firbeinte som har vore snille mot han, om andre som har slått og mishandla han, og om sorga over å miste nokon ein har kjær. Han fortel om alle rampestrekane han har gjort. Cadichon er ein slags firbeint eventyrar, som til slutt lærer at lukka kjem til den som er god og omtenksam og ser sine medskapningar. Forteljing for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content