Sindre sitt vinteropphald i Sør-Europa endar dramatisk. Men snart er han og venene på veg til Noreg, og rolege dagar i Båtvika. Trur dei. For der skjer det mystiske ting: Kvifor vil nokon grave opp den store myra, som no er full av reir, egg og fugleungar? Og sage ned skogen og trea med fiskar Andersen sine fuglekassar? Kan den stygge gravemaskina stoppast før det er for seint? Kvifor kjem fru Berthelsen til Båtvika? Må ho også stoppast? Har barnebarna til fiskar Andersen lært noko om miljø og miljøkamp som kan brukast? Denne boka er nr. to i serien om starefuglen Sindre. Den første heiter «På haiketur gjennom Europa» (2021). Begge bøkene er sjølvstendige historier, og kan lesast uavhengig av kvarandre. Fortelling for småskoletrinnet.