Mopp og Mikko elskar mat, dyr, ting og kjøretøy. Guten Mikko er den som finner ut kva dei skal samle på eller leite etter, mens jenta Mopp bestemmer kva slag kjøretøy dei skal samle tinga i. Mikko er romantikar, Mopp praktikar. Dei to gledesfylte typane er på nysgjerrig leiting etter noko dei likar eller undrar seg over. Dei to siste sidene i boka har spørsmål til vidare diskusjon. Boka har eit klart og tydeleg farge- og formspråk om ting som opptar dei yngste i kvardagslivet. Peikebok for førskolebarn.