Vestisen, mars 1952: Uveret rasar. Av ein norsk selfangstflåte på 27 skip blir 5 båtar med 78 mann om bord plutseleg borte. Ikkje så mykje som ei flis blir funnen, trass i omfattande leiteaksjonar med fly, båtar og hundar. Kva skjedde eigentleg i Vestisen påska 1952? Spekulasjonane og rykta var mange, og synske fortalde mellom anna om overlevande selfangarar som vandra kvilelaust rundt inn i isen. Men ikkje eit spor var å oppdrive, verken etter båtar eller menneske. Den største fangstulykka etter krigen var eit faktum " og eit uløyst myserium. "Mysteriet i Vestisen? kastar nytt lys over denne tragiske ulykka i farvatnet mellom Jan Mayen og Aust-Grønland i 1952. Boka gir samtidig eit levande nærbilete av ein fangskultur som er i ferd med å forsvinne. Arnold Farstad har mellom anna vore fiskerimedarbeidar i NRK og informasjonssjef ved Havforskningsinstituttet. Illustrert med fotografi i svart/kvitt. Har kjelder. Nyn.