Lån boka
Om boka
Langs Hardangerfjorden og sidearmene til fjorden finst det ei rad veglaus gardar, på stader "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Dei fleste har like fullt vore busette sidan middelalderen, eller så lenge nokon veit. Nokre av dei vert framleis drivne slik dei alltid er blitt. Folket lever av det som ein både grøderik og nådelaus natur har å gje. Samanlikna med vår tids levesett har desse menneska levd eit eventyrleg liv - i slit, i fare og i harmoni og samspel med naturen. Oddgeir Bruaset fortel om eit sjøfarande handelsfolk, om strabasiøse ferder og jakt på vidda, om kampen for det daglege brød. Kommunkasjonene med omverda var ikkje enkel. Isen på fjorden gjorde mang ein framkomst vanskeleg. Bruaset fortel om fjorden og folket si historie gjennom ulike fascinerande menneskeskjebner. I siste del av bok fortel han om nokre av dei mest avsidesliggjande gardane. Rikt illustrert med fotografi, i både fargar og svart/kvitt. Har engelsk sammendrag og litteraturliste.