I høve 50-årsjubileet til Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere vart medlemmene utfordra til å skrive nye tekster til ein antologi retta mot barn. Spennvidda er stor når det gjeld form og innhald. Her er dikt, små skisser og noveller i meir eller mindre tradisjonell form og humor og alvor i ei godblanding. Boka er eit godt døme på kor forskjellig ei tekst kan formast og eit bodskap presenterast. Det vart oppfordra til å vere eksperimentell, men hovudintrykket er det tradisjonelle, sjølv om det nye og dristige viser segi f.eks. "55 måtar å bruke ein appelsin på" og "Handflatehistoriar". Med ulik vinkling kastar dei fleste av tekstene lys over korleis det er å vere stort barn anten handlinga er lagt til fortid eller notid. Her er tema som: Å vere annleis, vennskap, det fyrste kysset, pubertet, einsemd, død og redsle. 43 forfattarar har fått med kvar si tekst, og hovudintrykket er mangfald og velformulerte og litterært vellykka arbeid. Det er tekster både på nynorsk, bokmål og dialekt. Boka høver godt til høgtlesing og samtale. Samlaget, 1997. 221 s.