Dette er ei kvardagsforteljing om Bjørn, 6 år, og dei store og små vennene hans. Boka legg vekt på dei små detaljane i kvardagen, og handlinga går føreseg i eit lite kystsamfunn, der kontakten med naturen spelar ei viktig rolle. Sjølv om boka hentar handlinga si frå dagens Noreg, har ho eit noko gammalmodig preg. Det verkar som om forfattaren har henta mykje inspirasjon frå sin eigen barndom, nokre år tilbake i tida. Handlinga blir ofte vel rik på detaljar og er litt stilleståande og kunne med fordel vore korta inn. Boka har enkle illustrasjonar i svart og gråtonar. Dei strekar under det gamalmodige inntrykket, og syner ein Bjørn som er ut som ein fire-åring. Samlaget, 1996. 219 s.,ill. Ill.: Gunhild Vegge. Nyn.