Nordisk mønsterstrikk

Vaksne

Nordisk mønsterstrikk

Birger Berge

2023

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Strikking - Oppskrifter : tekstilkunst
Strikk til deg sjølv og dei du er glad i! Kanskje noko tradisjonelt som ei kufte, vottar eller sokkar? Eller kva med å prøve deg på noko meir uvanleg, som ei bukse, ein onepiece eller eit heilmønstra pledd? Denne boka inneheld ulike strikkemønster med varierande vanskegrad og storleik. Her er plagg til dame, herre og baby, men også småplagg og interiør. Birger Berge har i årevis delt interessa og gleda over mønsterstrikk på kontoen @birgerberge. Han har strikka nærast heile livet og kjem frå ein tradisjon i Sunnfjord der dei fleste kvinnene rundt han strikka dei flottaste tradisjonelle strikkeplagg. Birger Berge brukar tradisjonane og lagar moderne strikk med mønster i nydelege fargekombinasjonar.

Utgåver