Dikta omhandlar fødslar og død både av menneske og trær og reiser spørsmål om korleis ein kan ta vare på skogen og dens majestetiske natur. Boka skildrar ein kjærleik til skogen utan å verta søtlåtent. Sjølv blei eg dratt inn i denne verda av skogar og fødslar. Ein vakker og litt neddempa hyllest til skogen og menneskjet fri frå romantisering.