Ellen Kristviks dotter Johanna tok sitt eige liv to veker før ho fylte 25 år. I denne boka blir vi kjende med Johanna gjennom livet hennar, med glimt inn i livet i barnehagen, på skulen, heime og med vener. Kristvik mista sitt einaste barn, og vi får hennar forteljing om å vere åleinemor, og ei mor i sorg som prøver å forstå kva som skjedde. I tillegg til uttrykka for sorg og glimt frå fortida fortel Kristvik om korleis etterlatne søkjer hjelp til å halde fram med livet. Omtalen er utarbeidd av BS.