Lån boka
Om boka
Natt til 1. januar 1992 ramma ein svært kraftig orkan norskekysten. Uvêret er det sterkaste som er observert på fastlandet i moderne tid, og skadane var enorme over heile Nord-Vestlandet og Trøndelag. I denne boka fortel Oddgeir Bruaset historiene til nokre av dei som blei hardest råka. Vi møter mellom anna Helle Ingelsrud som fødde sitt første barn i den straumlause stova til den lokale legen, Frank Trøger som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste og Karin Nesbakk som låg livredd i kjellaren med familien sin medan vinden reiv vegger og tak av huset. Kva gjer slike opplevingar med menneske og samfunn? Og kva er det som skjer med vêret vårt? Omtalen er utarbeida av BS.