Peter Hognestad (1866-1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931. Han stod for eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibel- og kyrkjespråk. I samarbeid med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål. Omtalen er utarbeida av BS.