Anna og Laura er mor og dotter. Då verda, ei gong på 90-tallet, splittast i to parallelle univers, vert dei fanga i kvar sin del. 25 år seinare har livet gått vidare som om ingen ting hende, men i liva til både mor og dotter kjennast det som om noko er heilt gale. Romanen handlar djupast sett om den eksistensielle einsemda som aldri kan bøtast for godt, og om kjærleiken som heller ikkje kan det. Omtalen er utarbeidd av BS.