R

Vaksne

R : ei urokråke i språket

Arne Torp

2007

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • R (bokstav) : fonologi
Bokstaven R er kanskje den einaste bokstaven i alfabetet som har fått si eiga bok. Språkprofessor Arne Torp har i alle fall skrive ei lett og underhaldande bok om r-lyden i språket vårt. R-lyden har nemleg ein underskog av lydlege brør og systrer, mellom anna får tvillingbroren tjukk l sitt eige kapittel i boka. Elles fortel Torp historia om korleis dei ulike r-ane har oppstått, og om skarre-r-en som går sin sigersgang gjennom Vest-Europa. Ryktet fortel at det heile starta med ein talefeil hos Ludvig 14. på 1600-talet: Den franske kongen skarra i staden for å rulle når han skulle uttale r-en, og folket kopierte han. Arne Torp er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har forfatta ei rekkje lærebøker og artiklar om ulike språklege emne.

Utgåver