Hausten 2018 kom Marte Michelet med boka «Hva visste hjemmefronten?: holocaust i Norge». Meiningane var mange om innhaldet i boka, men Michelet sin bruk av kjeldene fekk liten oppmerksemd. Forfattarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen har saumfare boka for å avdekkje mogelege skeivskapar i framstillinga av hendingar og medverkande personar. Med eit særskilt blikk for bruken av originalkjelder, har forfattarane sett på nokre av dei viktigaste emna i boken som tyske varsel om arrestasjonen av dei norske jødane, at jødane blei hindra i å flykte som følje av antisemittisme og at nokon bevisst har skjult sanninga om kva hjemmefronten visste. Omtalen er utarbeidd av BS.