Morten Søberg var statssekretær for banksaker i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Finansdepartementet er ein mektig institusjon, kor ei av grunnsetningane er at bankstellet må vere på stell. Alternativet, krise og krakk, er det ingen som ønskjer. I denne rapporten frå si tid som statssekretær spør Søberg mellom anna: Korleis fungerer eigentleg bankar? Kvifor må dei regulerast, og kva samfunnsansvar har dei? Og kva for ei rolle kan enkeltpersonar spele på innsida av eit mektig departement? Boka peikar framover mot konstitusjonelle og parlamentariske reformer.