Korleis skal ein forstå forholdet mellom religion og kultur? Forfattaren teiknar eit kart over det nye religiøse Norge og gir forslag til korleis det nye pluralismekartet kan lesast. Her handlar det ikkje berre om dei ulike kristne trussamfunna og dei nye innvandrarreligionane, også humanetikken, jødedommen, og ulike nyreligiøse rørsler er del av det religiøse livet i Norge i dag. Både konfliktlinjer og ulike forsøk på dialog blir presentert.