Anna (15) opplevde det store marerittet: å få eit nakenbilde av seg spreidd på nettet, av ein ho var glad i og stolte på. No har ho flytta til ein annan stad i landet for å starte på nytt, og håpar ho kan legge bak seg det som skjedde. Men kan ho det?
Denne sterke ungdomsromanen handlar om frykta for å bli eksponert, om å gå vidare med eit knust hjarte, og korleis flykte frå eit rykte. Boka handlar også om kule bestemødrer, veninner som drit i kva andre meiner, og om å chatte med einsame japanarar.
Boka passar for ungdomstrinnet og oppover.