Sinnamekker'ns bilalbum

Personlege forteljingar  •  Vaksne

Sinnamekker'ns bilalbum : bilar med sjel

Ståle Eskeland

2023

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Veteranbilar : teknikk
  • Ståle Eskeland, 1971-
Når bil er sjølve livet. Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap. I denne boka fortel Eskeland historia om 20 av dei. Eskeland presenterer vitale mål og fysiske detaljar, men minst like viktig er historiene om motorstopp og kollisjonar, kjøp og sal, langturar på smale vegar og reparasjonane som aldri tok slutt. Bilen er langt meir enn eit transportmiddel for mange, særleg på bygda. Bilen er samlingsplass, meistring og tidtrøyte. Dette er boka for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser. Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.

Utgåver