Splintra

Roman  •  13 – 15 år

Splintra : roman

Hilde Myklebust

2022

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Anbefaling frå eit anna bibliotek

Det er betre å ha elska og mista, enn aldri å ha elska. Men det er vondt å miste nokon.

«Splintra» fortel så altfor godt korleis det er å mista nokon.

Ho er vakker, ho er vondt, her er går det frå fjellhøgt til daldjupt. Dei vanskelege kjenslene er godt skrive: Sorga kjem så nær, forelskinga vert så stor, og utforskinga av grensa mellom venskap og kjærleik akkurat så vanskeleg som ho er.

Det er ei luftig bok, det er plass til deg i ho, plass til kjenslene dine og.

Om boka

  • Kjærleik
  • Vennskap
  • Kreft
Venneflokken har sommaren etter tiande klasse i lag, før dei byrjar på vidaregåande og blir spreidd i kvar si retning. Mia og Are kjem nærare kvarandre, og det blir vanskeleg å skilja mellom vennskap og kjærleik. Mia startar på musikklinja og blømer i det nye miljøet. Så blir Are veldig sjuk. Det handlar om vennskap og om korleis det er når noko veldig fint og noko veldig vondt skjer på same tid. Roman for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver