Forfattaren inviterer oss med på ei reise tilbake til norskens opphav. Reisa startar i det dramatiske tusenåret då urnorsk gradvis gjekk over til å bli norrønt, språket som vikingane tok med seg ut i Europa, og ender med dagens internasjonalt prega norsk. Lomheim viser korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt og korleis menneska har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov opp gjennom historia. Til sist peiker han på dei utfordringane språket vårt møter i ei globalisert verd, der det i snitt døyr eit språk annakvar veke. Sylfest Lomheim er direktør i Norsk språkråd og kjend frå NRK-programmet "Språkteigen". Han har forska på og skrive om språket vårt i ein mannsalder.