Anna må springe fortare enn nokon gong, og det er ikkje på idrettsbana. Anna er ei heilt vanleg jente. Ho er ikkje van med å renne rundt i skogen og leite etter forsvunne barn. Det er politiet som skal ta seg av slikt. Men Anna kan springe skikkeleg fort. Ho skyt gjennom lufta som ei pil. Nokre gonger er det som om føtene ikkje rører bakken eingong. «Leseland for eldre barn og ungdom» er ein serie for eldre barn som vil lese korte historier med høg illustrasjonsgrad. Historien har innhaldsrik tekst og tøffe illustrasjonar. Lettlest for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.