"Svar på brev frå Helga" er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Det handlar om den tapte kjærleiken, men og om ein tapt kultur. Vi møter sauebonden Bjarne. Han svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytta med henne til byen ein gong i tida. Det har teke lang tid å svara, og det er mange val som må svarast for. Han flettar slarv frå bygdelivet inn i saftige forteljingar om det han kallar paringstida i livet sitt. Gamal kjærleik og erotiske minne blandar seg med soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom. Boka vann den Islandske bokhandlarprisen i 2010 og var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Omtalen er utarbeidd av BS.