I denne boka følgjer vi Sverre i førebuingane til oldemors gravferd. Han har mange vanskelege spørsmål. Då er armkroken til mamma og fanget til bestefar gode å ha. Sverre lurer blant anna på kva som skjer med eit menneske når det døyr, kva skjer når ein blir lagt i jorda og om ein er hos Gud. Dette er ei bok som tek opp spørsmåla om døden og samstundes gjev rom for undring. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.