Hans har vore sokneprest i Sveigen i 17 år. Kona Bente er flyvertinne og ei ofte fråverande prestefrue. No har Hans begynt å setja seg ved pianoet igjen. Kanskje var det slik at han ein gong valde å bli prest for å sleppa unna spelinga, og kanskje må han tilbake til pianoet igjen? "Tangentane" er ein roman om å overskride seg sjølv og si eiga sjølvforståing.