Teo vil ikkje i symjehallen. Han er redd vatn og kan ikkje symje. Men no er han skolegut og må. Utan at Teo veit kvifor, fortel han dei andre i klassen at han kan symje. No gjeld det berre å ikkje møte opp den dagen det er bading. Læraren har sagt kvar veke, men når er det eigentleg veke? Og kva er ei veke? Teo gjer det han kan for å få svar, men det er ikkje alltid like lett å forstå vaksne, og når den store dagen kjem må Teo løyse problemet heilt på eiga hand. Dette er ein humoristisk forviklingshistorie. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.