Biletbok  •  6 – 15 år

Trollkjerringa i Hausafjellet

Ingunn Margrete van Etten

1999

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Norske segner
Menneska på garden nedanfor Hausafjellet lever eit godt liv. Dei dyrkar jorda og skjøttar budskapen sin, men vert plaga av ei trollkjerring og sonen hennar. Ein sommar tek ein stor fæl bjørn livet av fleire kyr og folket på garden legg i veg for å drepa beistet. Men å ta livet av bjørnen viser seg å vere ei vanskeleg oppgåve. Først når Engel skyt han med ei kule laga av sølv, fell bjørnen død om. Då forstår Engel at dyret han har skote, er sonen til trollkjerringa. Lenge går det godt, men ein vinterdag legg eit snøras garden øyde. Engel meiner det er trollkjerringa som har hemna seg og bestemmer seg for å byggje garden opp att nærare sjøen. Forteljinga byggjer på ei segn som viser til eit tun som vart lagt i grus rundt 1620. Eit kraftfullt og variert biletspråk gjev stemning og vitalitet til historia. Teksten er knapp i stilen, og bileta fangar inn livet til menneska på garden, frå lykke, frykt til fred, og gjengir når på året dei ulike hendingane finn stad. Nyn. Eide, 1999.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content