Like spennande som ein krimroman er denne boka der handlinga er lagt til Lappland under og rett etter andre verdskrig. Ingen vil snakka om alt det grufulle som skjedd like i nærleiken under krigen. Alle vil berre bygga opp att samfunnet og gløyma. Men forfattaren vekslar mellom å fortelja kva som skjedde i Enare i 1944 slik at me som lesarar veit meir enn journalisten Inkeri. Inkeri som sakte, men sikkert, klarer å nøsta seg bakover på sporet av lagnaden til mannen sin. Like avslørande som lagnaden hans, er den audmjukande behandlinga samane framleis blir utsett for, sjølv om krigen er over og tyskarane er borte.
Et land av snø og aske blei ein bestseljar då ho kom i Finland i 2020. I the Guardian blei ho utropt som ei av dei beste omsette bøkene i 2022.