Biletbok  •  6 – 10 år

Tvillingsøster

Liv Marie Austrem

1997

Illustratør:
Akin Düzakin

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

I denne andre boka om Liv og tvillingbror har tvillingbror fått ein ny ven. Dei to stikk hovuda saman og kviskrar, og Liv kjenner seg til overs. Ho blirsjalu og fortvila når broren fjernar seg frå henne til fordel for venen. Ikkje før ho blir aggressiv tek gutane omsyn til henne, og inviterer henne med i leiken. Då syner det seg at ho likar den nye venen til broren svært sågodt... Historia er godt fortalt, utan enkle snarvegar eller unødig utanomsnakk. Personane er truverdige og forståelege. Akin Düzakin har illustrert forteljinga i eit uvanleg, naivt og dekorativt formspråk. Farganeer klåre, og lysverknadene til tider intense. Ei særprega og vellukka biletbok som egner seg godt til høgtlesing. Samlaget, 1997.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content