Under morelltreet

Roman  •  6 – 10 år

Under morelltreet

Linn T. Sunne

2001

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Døden - Sorg
  • Vennskap
Nora og Liv er bestevenner. Liv er ei jente full av opprør og villskap. Ho er best i fotball og slåst med gutane. Mora og faren til Nora er ikkje så glade for at ho er saman med problembarnet Liv, men Nora er glad i bestevenninna sjøl om ho ikkje likar alt det ho finn på. Når Nora kjem på skulen etter høstferien, er ikkje Liv der. Læraren fortel klassen at ho er komen på sjukehus og at ho har fått kreft. Nora går på sjukebesøk og Liv fortel at ho kjem til å døy snart. Dette er ei vakker, lita forteljing om vennskap som blir sett på den hardaste prøva av alle. Historia er fortalt med varme og skildrar på ein fin måte Nora sine tankar og løysingar på dei utfordringane ho møter. Boka eignar seg svært godt til høgtlesing og samtale. Samlaget, 2001.

Utgåver