I denne boka kan vi lese om kva elevane i ein skoleklasse opplevde i påskeferien. Sju forfattarar har skrive ei forteljing om kvart sitt barn, og den åttande har dikta opp lærarvikaren deira. Slik boka er komponert fell det naturleg at ho tek opp ei mengd emne. Månen går som ein raud tråd gjennom alle forteljingane, og mykje av det månen ofte symboliserar i kunsten, er med. Her er endring og vekst, mystikk,einsemd, religiøs undring, endring og spegelvending, død og nytt liv. Komposisjonen gjer at boka ikkje er enkel, men ho har klåre litterære verdiar. Ho er dessutan sjelden i det at ho peikar mot sjølve grunnen for litteraturen: Sanninga er ikkje berre ei, og i måneljoset kan vi sjå at dei vakre lygnene kan vere like sanne som "røyndommen". Samlaget, 1997.