Heltane i serien om Vangsgutane er Steinar og Kåre på 12 og 10 år. Dei høyrer heime i Todalen på Nordmøre og der møter ein alle hovudpersonane i serien. Steinar og Kåre syner stor arbeidshug, er pliktoppfyllande og har god moral. Larris står i sterk kontrast til desse ”engleborna” og er ofte frampå med rampestrekane sine. Men han blir hardt straffa både i heimen og i bygda. Vangsgutane har vore ein teikneserie og eit omgrep sidan serien starta i Nynorsk Vekeblad hausten 1940. Denne boka er andre bind i ein serie som skal innhalde teikneseriane frå dei 16 julehefta med Vangsgutane som Jens R. Nilssen teikna frå 1941 til 1957. Tegneserie for mellomtrinnet.