Fjorten år gamle Lars er ein vár gut. Han er full av spørsmål og ønskjer å forstå det som skjer rundt han. Lars lengtar etter å kome nær både dei i familien sin og andre, men han forsøkjer alltid å tilpasse seg til dei. Sentralt i boka er Lars sine opplevingar av det nærverande, og korleis ein skal stille seg til alt det som finst rundt ein. Boka handlar mellom anna om stilla og saknet som kan bu i eit ungt menneske. Under overflata kan det ligge store djup. Omtalen er utarbeidd av BS.