Dette er den store spørjeboka for heile familjen om Vestlandet. Den er delt inn i ulike kategoriar med 1000 spørsmål om geografi, kultur, sport og mykje meir. Kva heiter verdas lengste tunnel? Kor mange i Noreg et pinnekjøt i løpet av jula? Kva er yndlingsretten til Erna Solberg? Kva er ei fiskekiste - og kva i alle dagar betyr «asjelege dasjen», «slitan» og «transjakle»? Desse og mange andre nyttige, morosame og overraskande spørsmål får du i boka. Omtalen er utarbeida av BS.