Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke? Kva slags vilkår har ein bydd pasientane? I denne boka følgjer forfattaren framveksten av medisinsk vitskap og praksis frå antikken til vår eiga tid. Boka gir ein introduksjon til medisinsk historie som forskingsfelt, og gir eit oversyn over skiftande sjukdomsteoriar, utviklinga til institusjonane, folkehelsearbeidet, helseprofesjonane, og korleis situasjonen til pasientane har endra seg opp igjennom tidene. Omtalen er utarbeidd av BS.