Dette er ein faktabok om båtar. Her kan ein mellom anna få vite når den første båten blei laga, og om korleis det finst båtar som kan køyre heilt sjølve. Boka har morosame og uventa fakta om båtar, og for kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Faktaboka er ein del av lettlesserien Leseland, rekna for barn som lærer å lese. Lettlesen for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.