Forbudte bøker-veka
Bøkene nokon ønsker at du ikkje skal lese. Vi markerer Forbudte bøker-veka 6.–12. oktober.
Litteratur blir stadig bannlyst og undertrykt, sjølv i demokratiske samfunn som liknar på vårt.
I Forbudte bøker-veka set vi fokus på sensur, ytringsfridom og demokrati, og feirar fridommen til å lese det du vil.
Forbodne bøker for barn
Julian kler seg ut som ei havfrue, noko som var nok til at ho blei forboden i skulebibliotek i både England og USA i 2024.
Reserver16 av bøkene i serien blei forbodne i Tanzania i 2023. Styresmaktene meiner at bøkene er umoralske og i strid med familieverdiar.
ReserverForteljinga om sjuandeklassingen Tuva som forelskar seg i ei jente blei for sterk kost for fleire amerikanske skular.
ReserverGøy og litt på kanten? Nei, antiautoritær og upassande, ifølgje fleire statar i USA. Barn må skånast for "nakenhet og grov vold".
ReserverHar vore forbode i Bulgaria, Hellas og delar av USA. Skuldingane mot serien handlar om blasfemi, svart magi og satanisme.
ReserverElevar ved fleire skular i USA får ikkje vite korleis ein lagar ein baby, sidan boka er fjerna fra bibliotekhyllene.
ReserverEi topplaus kvinne på ei strand gjorde at boka blei forboden i fleire skoledistrikt i USA. Brystet fylte 1 mm av myldrebildet.
ReserverForteljingar om personar med LGBTQ-bakgrunn gjer boka forboden i Ungarn. I Russland blei kapittelet om ei transjente fjerna.
ReserverBøkene i Grøsserne-serien er forbodne i fleire delar av USA, der dei blir sett på som skremmande og for valdsame for unge lesarar.
ReserverForbodne bøker for ungdom
På topplista over bannlyste bøker i USA grunna LGBTQ-innhald. Også freista fjerna frå eit norsk skulebibliotek i 2024.
ReserverTo gutar forelsker seg i kvarandre – i Tyrkia blir boka seld i brune papirposar merka med "Farleg for barn".
ReserverFjerna frå russiske bokhandlar på grunn av eit kapittel om homofile. I USA blei ein illustrasjon av nakne brystvorter sensurert.
ReserverTo gutar kyssar kvarandre i denne boka, som difor ble fjerna frå fleire skolar i USA og Canada.
ReserverI mange amerikanske skulebibliotek finn du ikkje den populære serien. Vald og dårlege familieverdiar er ofte oppgitt som grunn.
ReserverBestseljaren om ein tenåring som tar livet sitt blei forboden på skular i USA på grunn av sjølvmordstematikken, sex og rusbruk.
ReserverJohnsons essays om erfaringar med rasisme og hets mot skeive er på tredjeplass over bøker forsøkt fjerna frå bibliotek i USA.
ReserverRasisme, rus og vald var årsak til forbod i over 40 skuledistrikt i USA. Kan no lånast nokre stader, med løyve frå foreldre.
ReserverHar blitt merkt som upassande for elevar på visse amerikanske skular, på grunn av LGBTQ-tematikk og "seksuelt innhald".
ReserverSjølvbiografien til Malala er bannlyst av 150 000 skular i Pakistan. Han strir mot "ideologien i landet og islamske verdiar".
ReserverEi bok om outsiderar, mobbing og den første forelskinga. Stygt språk og pornografisk innhald, meinte fleire skuledistrikt i USA.
ReserverRomanar om kjønn og seksualitet blir fjerna frå mange skular og bibliotek i USA. Denne er blant bøkene det har skjedd oftast med.
ReserverBanning og beskrivingar av sex blei brukt som argument for å bannlyse boka frå meir enn 20 bibliotek i Georgia, USA i 2023.
ReserverForbodne bøker for vaksne
Boka blei smugla ut frå eit tyrkisk fengsel og skildrar ein korrupt rettsstat. Ho er gitt ut i mange land, men forboden i Tyrkia.
ReserverFjerna frå israelske bokhandlarar fordi Rooney ikkje vil at bøkene blir omsette til hebraisk, til støtte for Palestina.
ReserverRussiske Ulitskaja sa i 2024 at ho donerer inntekter frå bøkene til Ukraina. Då blei dei fjerna frå russiske bibliotekhyller.
ReserverBoka skildrar borgarkrigen i Algerie på 90-talet. Styresmaktene har gitt arrestordre på forfattaren, som lever i fransk eksil.
ReserverBoka er uønskt på ca. 100 amerikanske skular i 2025. Skildringa av ei valdtekt er oppgitt som årsak av mange av desse.
ReserverBoka blei brend i USA grunna kritikk av abortforbod og religiøs fundamentalisme. Atwood svarte med å lage ei utgåve i aluminium.
ReserverNobelprisvinnar Aleksijevitsj skriv om livet i totalitære regime. Det likte belarusiske styresmakter dårleg.
ReserverEit kjend eksempel på forbudt bok. Uønska i muslimske land grunna religionskritikk. Rushdie har levd i skjul i fleire tiår.
ReserverScience fiction-klassikaren er forboden i land som Belarus, Vietnam og Cuba. Dette fordi han blir rekna som autoritetskritisk.
ReserverBoka var mellom anna forboden i Libanon, etter klager frå katolske leiarar. Dei meinte at ho var blasfemisk.
ReserverBanneord, sex og valdeleg innhald er argumentasjonen for at boka om 9-åringen Oskar er forboden på fleire skular i USA.
ReserverSkildringane av forholdet mellom Ana og Christian Grey blei rekna som støytande i Malaysia, der heile trilogien blei bannlyst.
Reserver