Fy å fy

Roman  •  9 – 15 år

Hundemanuskripta. 3. Fy å fy

Jon Fosse

1997

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Skipshunden Haktor dreg på åra, og skipper Moreld vil få ei ung tispe om bord slik at det kan bli etterkomarar og ny skipshund. Etter eit langt ungkarshundeliv skal Haktor altså no leva i lag med eit "drog av ei tispe" - fy å fy! Og lett blir det ikkje. Hundedama snuropp ned på alt, men heldigvis skjønar den tilårskomne skipparen at også ein hund kan bli for gamal til damer og for mykje nytt. Den svært korte historiablir opplevd gjennom ein hund med menneskelege tankar og kjensler. Med gode grep greier forfattaren å gjere hunden til eit levande dyr samstundes som det vert sagt ein del om det aldrande menneske. Det litt såre ved å bli gamal og kanskje manipulert med er til stades heile tida utan at det verkar påtrengande. Stemninga i forteljinga er varm og var og med ein litt smilandeundertone. Språket er muntleg, poetisk, godt og med særpreg. Ein litt krevjande komposisjon med mellom anna lange tankerekkjer og setningsperiodar, stiller krav til mottakaren. Dette saman med temavalet gjer at boka er like mykje for ein vaksen som for ein ung lesar. Samlaget, 1997. 41 s. Nyn.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content